lørdag 24. mai 2014

Ein av verdens beste menn



Ein av verdens aller beste menn, vår kjære Demba, gjekk bort på kvelden 22.mai 2014 etter kort tids kreftsjukdom. Vår kjære Ingvild har mista mannen i sitt liv, sin store kjærleik og livspartner. Vesle Jakob og Aida på knappe 5 og 3 har mista ein varm, god og trygg pappa.
Det er så utruleg vondt og ufatteleg at ein mann med slikt eit stort hjerte for alle andre er den som må forlate oss så ung, 35 år gamal.
Demba har vore raus og sjenerøs med alle rundt seg, i Senegal, Spania og i Norge. Hans livsverk har vore å systematisk legge tilrette for at familie i Senegal kan vere økonomisk sjølvstendige ved å bygge opp bolig og arbeidsplasser. Noko av det siste han gjorde var å starte opp bygginga av ein kyllingfarm med bolig til sin eldste bror Lamine samt sikre at lillesøstra Nenefanta med familie har fått gode boforhold og eget hus.
Demba hadde mange planer videre, for familien og lokalsamfunnet forøvrig, for å legge tilrette for økonomisk sjølvstendigheit og ei lysere framtid for dei som ikkje har like gode muligheiter eller ressursar som oss.
Vi i næraste familie vil med dette opprette eit minnefond for Demba som i første omgang skal kome familien vår i Senegal til gode. Vi snakka med han om dette den siste tida, og han var glad og positiv for at livsverket kunne bli ført vidare.
Kontonummeret til fondet er : 97221273692

I staden for blomster ønskes bidrag til fondet og livsverket til vår gode Demba.
Begravelsen vil finne sted i Senegal.